Stikkordarkiv: overgrep

Veien ut av vold, overgrep og utnyttelse. Håndbok med praktiske råd

Arna Meisfjord, Tidlegare rektor ved Høgskolen i Nesna, Kvinneuniversitetet i Norden

Gratulerer med viktig bok mot vald, overgrep og utnytting!

No er boka «Veien ut av vold, overgrep og utnyttelse. Håndbok med praktiske råd», tilgjengeleg i bokhandelen!

Boka har tre forfattarar, Ellen Roberg, Wanja J. Sæther og Gunhild Vehusheia. Ellen Roberg har sjøl opplevd vald. Hennar erfaringar og kampen for å leve eit liv i fridom og utan vald, har gitt henne stor kunnskap om problem- og saksfeltet. I innleiing til boka, seier Ellen:

«Da jeg ble utsatt for grov vold, trusler og forfølgelse over mange år, savnet jeg sårt en veileder med informasjon for voldsutsatte, om hvor jeg kunne finne hjelp og hva slags rettigheter jeg hadde. Jeg satt med utrolig mange spørsmål, men det var ingen å spørre.»

Ellen Roberg sitt møte med advokat Gunhild Vehusheia og leiar for Krisesenteret i Salten, Wanja J. Sæther, skapte eit samarbeidsprosjekt som resulterte i boka «Veien ut av vold, overgrep og utnyttelse. Håndbok med praktiske råd».

For sjøl om det er slik at alle i Noreg, gjennom lovverket, har rett til eit liv utan vald og overgrep, og at staten har plikt til å ta aktive grep for å sikre denne retten, så er det ikkje så enkelt i praksis. Sjøl om alle skal vere like for loven, er det slik at det verkelege livet er ulikt og utfordringar og problem er ulikt fordelt. Det betyr at nokon av oss må kjempe hardare enn andre for å få det vern og den hjelp som vi treng.

Ambisjonen med denne boka er vakkert og sterkt formulert av forfattarane innleiingsvis i boka:

«Vårt håp og ønske er at du ikke gir opp. For det finnes en vei ut og et liv etterpå.»

Dette er ei handbok for personar som har vore utsett for vald og overgrep, men det er og ei handbok for dei som skal vere hjeparar. For dei som skal hjelpe dei som er utsette for overgrep, er det avgjerande at dei skjønar lovverket, at dei skjønar utfordringane varslarane står overfor og at dei kjenner sjølve fagfeltet som dei utsette representerer. Sist, men ikkje minst, er det avgjerande at hjelparane kjenner respekt og er audmjuke i møtet med dei som treng hjelp. Denne boka gir kunnskap og innsikt på alle desse felta.

Som lærar og lærarutdannar har eg kjent stor behov for ei lærebok som dette. I arbeidet med Kvinneuniversitetet i Norden sitt høgskolestudium «Retten til eit liv utan vald», ville denne boka vore viktig å hatt med på litteraturlista. 

Det er difor med stor glede eg han gje boka mine beste tilrådingar. Løp og kjøp!

Vehusheia, Gunhild, Roberg, Ellen og Sæther, Wanja J.: «Veien ut av vold, overgrep og utnyttelse. Håndbok med praktiske råd». Universitetsforlaget, 2022.

https://juridika.no/fagbok/veien-ut-av-vold-overgrep-og-utnyttelse/1