Stikkordarkiv: likestilling

Kven må skjerpe seg?

Av  Arna Meisfjord, lesarinnlegg i Rana blad

https://www.ranablad.no/kven-ma-skjerpe-seg/o/5-42-1240561: Kven må skjerpe seg?

I ein kronikk i Rana Blad, 02.11.2023, skriv journalist Maiken Johansen om dei unge, redde jentene. Journalist Johansen slår fast at vi treng dei unge jentene og dei vaksne kvinnene sin stemme for at demokratiet skal fungere. Samtidig har ho erfart at kvinnene i større grad enn menn er redde for nettopp å meine noko, redde for å vere synlege, redde for å ta plass. «Jentene vil så gjerne ta hensyn til alt og alle, og det hensynet ender ikke sjelden opp i at de ikke vil være i medier, ikke stikke seg fram.»

https://www.ranablad.no/de-unge-redde-jentene-sa-redde-er-dere-at-dere-heller-avstar-fra-a-mene-noe-som-helst-enn-a-gro-bein-i-nesa-og-utvikle-en-ryggrad-som-taler-en-hump-eller-to-i-livet/o/5-42-1228681: Kven må skjerpe seg?

Kvifor er det slik, spørs Johansen. Har kvinnekampen vore forgjeves, spør ho og sender ut eit kraftig pålegg til dei unge, redde jentene: Skjerp dåkker!!

Her er det nok nødvendig med meir gravande journalistikk, enn einsidig å legge ansvaret for å redde demokratiet på dei unge, redde jentene. Kanskje er det slik at dei unge jentene har god grunn til å vere redde?

I 1981 ga Berit Ås ut boka «Kvinner i alle land.. Håndbok i kvinnefrigjøring». Boka vart gitt ut i nytt opplag i 2008. Her presenterer Berit Ås dei fem hersketeknikkane som kan forklare noko av dei observasjonane som Johansen tek opp:

  1. Usynleggjering. I lærebøkene har dei unge jentene fått lite kunnskap om dei kvinnene som har kjempa for våre rettar. Vi veit lite om dei som kjempa for stemmeretten, for sjølvald abort, om retten til å ta utdanning og så vidare. Kampen mot kjønnsrelatert mobbing, seksuelle overgrep, vald og valdtekt, er eit stort tabu. Du ser det ikkje før du trur det, skriv Inga Marte Thorkildsen, om ein tabukultur sett i system. Kvinnekampen er avblåst og det er opplest og vedteke at likestilling er i mål. Ikkje meir å bråke for, så skjerp dåkker, redde jenter!
  2. Latterleggjering. Johansen skriv: «Så redde er dere at dere heller avstår fra å mene noe som helst enn å gro bein i nesa og utvikle en ryggrad som tåler en hump eller to i livet, for å si det litt hvast og tabloid.» Ja, dei redde jentene blir ikkje tekne på alvor med si redsle. I staden kan dei få ein slik tabloid kommentar. Forsking viser i tillegg at kvinner i større grad enn menn, får fokus på utsjånad og usaklege referansar når dei ytrar seg i det offentlege rom.
  3. Tilbakehalding av informasjon. Vi har nyleg fått framlagt NOU 2023:5 Den store forskjellen- Om kvinners helse og betydningen av kjønn for helse. Her blir det dokumentert korleis forsking på kvinner sine helseplager er nedprioritert. Når det gjeld helseproblemer, har kvinner stor grunn til å vere redde. Det kan vere ein grunn til at kvinner vegrar seg for å utsette seg for mobbing i media.
  4. Dobbeltstraffing. Kjønnsrolleoppfatningar av kvinner virkar slik at det lett blir feil, same kva vi gjer. Dette rammar kvinner som står fram offentleg, særleg hardt.
  5. Påføring av skyld og skam. Johansen ber kvinnene sjøl ta ansvar for at dei er redde. Kan dei ikkje berre skjerpe seg?

I boka «Hvem sa hva?», analyserer forfattar og språkvitar Helene Uri, korleis kvinner og menn blir behandla og oppfatta ulikt når dei ytrar seg i det offentlege rom. På bokomslaget skriv ho: «Han sutrer som ei jente. Hun har hår på brøstet. Han kjører som ei kjerring, og det er på tide at hun manner seg opp.» Likestillingskampen er ikkje over. Når dei unge jentene er redde for å ytre seg, er det mange som må skjerpe seg. Journalistar og media har ei stor oppgåve i å formidle kunnskap om kvifor jentene er redde. I skolen trengs det ein handlingsplan mot mobbing, seksuelle overgrep og valdtekt. Det må forskast meir på kvinnehelse. Kvinnekampen har ikkje vore til fånyttes, men den må kjempast på nytt og på nytt, av stadig nye generasjonar. Dei som aller mest må skjerpe seg, er dei som prøvar å fortelle oss at kvinnekampen er i mål!

Arna Meisfjord, Styremedlem Kvinneuniversitetet i Norden