Berit Ås fyller nitti år den 10. april, 2018. Kvinneuniversitetet i Norden har vedteke å gjere 2018 til eit jubileumsår for Berit.
Her er planane for programmet så langt:
- Berit kjem til Mosjøen den 9. mars og det blir eit arrangement på Jacobsenbrygga kl. 18.00 i regi av Helgeland Museum. Berit skal snakke om ”#metoo, hersketeknikkene og vegen videre”.
Helgeland Museum lagar ei utstilling om Berit Ås, der hovudfokus er dei fem hersketeknikkane som Berit har formulert. Denne utstillinga vil bli vist på kvelden 9. mars. Planen er at denne utstillinga vil bli vist på fleire av Helgeland Museum sine avdelingar på Helgeland.
- Biblioteket i Mosjøen lagar utstilling som viser noko av det Berit Ås har skrive.
- Laurdag 10. mars tek Berit toget til Bodø. På kvelden skal ho delta på Nordland SV sin årsmøtefest, der ho skal vere æresgjest.
- Søndag 11. mars er det planar om å lage eit ope møte i Bodø, der Berit skal halde foredraget ”#metoo, hersketeknikkene og vegen videre”.
- Dagrunn Grønbech har skrive to artiklar om Berit Ås sitt liv, meint publisert i to psykologiske tidsskrift.
- Dagrunn Grønbech har skrive kronikk som vi vonar vil bli trykt i Avisa Nordland i Bodø laurdag den 10. mars, 2018.
- Kvinneuniversitetet i Norden jobbar med å lage ei bok til ære for Berit. Boka har arbeidstittel Foregangskvinner og kvinnekampens nye utfordringer. Samfunnsvitar og forskar Dagrunn Grønbech er redaktør og forfattar. Vi har fått finansiell støtte frå Norsk Tjenestemannslag (NTL), Sosialistisk Venstreparti (SV) og Fritt Ord. Vi jobbar no med å få avtale med eit forlag som kan gje ut boka.
Planen er at boka skal bli ferdig slik at vi kan ha boklansering i Oslo i månadsskiftet august/september. Vår ambisjon er at denne boklanseringa skal bli ein fest for Berit.