Invitasjon

INVITASJON TIL KONFERANSE PÅ CAMPUS NESNA, 31. OKTOBER, 2019.

Med dette inviterer vi universitet og høgskolar, studentar, lærarar, kommunar, fylkeskommunar, politiakarar, fagorganisasjonar og andre samfunnsinteresserte til utdanningspolitisk konferanse på Campus Nesna.

Tema: Kven tek den regionale høgskolen si rolle og samfunnsoppdrag?

Arrangør: Nesna kommune, Folkeaksjonen for Høgare utdanning på Helgeland og Kvinneuniversitetet i Norden

Bakgrunn: Strukturreforma i høgare utdanning har endra kartet for høgare utdanning i Noreg. I Nord-Noreg er det berre Samisk høgskole som framleis er ein sjølvstendig høgskole. Dei andre høgskolane er fusjonert med anten UiT eller Nord universitet. Fusjonsplattforma viste seg å vere av liten verdi og Nord universitet har vedteke å legge ned Campus Nesna og sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen. I Stortinget ligg det no føre eit Representantforslag frå stortingsrepresentantane Audun Lysbakken, Mona Fagerås, Lars Haltbrekken og Kari Elisabeth Kaski om ei desentralisert høgare utdanning for kvalitet, velferd og bærekraftige lokalsamfunn. Innstilling til vedtak vil bli gjort den 5. november og vedtak skal fattast i Stortinget den 12. november.

Førebels program for konferansen:

Statsråd Iselin Nybø og Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget er inviterte til konferansen.

Stortingsrepresentant Marit Arnstad (SP), er saksordførar for forslaget, stortingsrepresentant Mona Fagerås (SV) er ein av forslagsstillarane og begge vil delta på konferansen.

Sentrale fagpersonar innafor utdanning, forsking og samfunnsdebatt er inviterte til å halde innlegg og viktige spørsmål  i denne samanhengen vil vere:

Kva er dei regionalpolitiske oppgåvene som høgare utdanning skal fylle? Kva er kvalitet i høgare utdanning og korleis legge til rette for at god kvalitet blir tilgjengeleg over heile landet? Kva er samanhengen mellom kvalitet, velferd, bærekraftige lokalsamfunn og lokalisering av høgare utdanning?

Sett av dagen den 31. oktober. Fullstendig program vil bli sendt ut i veke 42.

For nærare informasjon om konferansen kan fylgjande personar kontaktast:

Ordførar Hanne Davidsen, Nesna kommune, mobil 48118305, Leiar Jenny Myklebust, Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland, mobil 93602336

Arna Meisfjord, Kvinneuniversitetet i Norden, mobil 41452051