1. INNLEDNING
Stiftelsen Kvinneuniversitetet i Norden (KvinNor) vart etablert i 2011 og dette er den ellevte årsmeldinga i stiftelsen si historie.
Stiftelsen har som oppgåve å eige og drive Stiftelsen Kvinneuniversitetet i Norden, ein lærestad som er bygd på feministiske verdiar og ein feministisk pedagogikk. Stiftelsen har kontoradresse ved styreleiar Kjersti Kvalvik, Ole Aasveds veg 4, 7049 Trondheim og organisasjonsnummer er 996815323. Årsmeldinga omfattar tidsrommet frå 1. januar 2021 til 31. desember 2021.
2. ARBEIDSMILJØ, LIKESTILLING OG DISKRIMINERING.
Stiftelsen har ingen tilsette, og det er ikkje rapportert om skade eller ulykke.
I styret er det sju kvinner, ut frå vedtektene som seier at det berre skal være kvinnelege medlemmer og vara medlemmer. Dette er i tråd med KvinNor sin analyse av kva som er nødvendig for å kjempe mot diskriminering av kvinner og dermed ein strategi for å utvikle reell likestilling og likeverd mellom kvinner og menn. Dette blir nærare utdjupa i våre vedtekter og dei andre punkta i årsmeldinga.
3. YTRE MILJØ
Det er ingen sider ved verksemda som har innverknad på det ytre miljø.
4. Styret
Styret har i 2021 hatt slik samansetting: Styreleiar Kjersti Kvalvik, styremedlemmene Berit Ås, Dagrunn Grønbech, Gudrun E.E. Lindi, Susan Rakhsh, Siril Finne og Arna Meisfjord. Vara: Kari Sommerseth Jacobsen, Ulla Lise Johansen og Trude Koksvik Nilsen
Styret har hatt åtte styremøte i 2021. Dei fleste styremøta er gjennomført som telefonmøte. Eit styremøte vart gjennomført i Kongsvinger i samband med tiårsmarkeringa på Kvinnemuseet i Kongsvinger. Medlemmer i styret har hatt ein omfattande kontakt gjennom epost og telefon. På grunn av koronapandemien, har det vore store restriksjonar på høve til å møtast. Dagrunn Grønbech og Arna Meisfjord har ved å følgje smittevernreglane, hatt to arbeidsmøte på Herøy. På eit av desse var Kari Sommerseth Jacobsen og med. Berit Ås, Dagrunn Grønbech og Arna Meisfjord hadde og eit arbeidsmøte i juli, på Buøya på Helgeland.
Styret har i 2021 vidareført styreleiar Kjersti Kvalvik sin strategi med å ha faste styremøte ein gong i månaden. På desse styremøta er informasjon frå kvart styremedlem fast på agendaen. På denne måten har alle styremedlemmene eit fast ansvar og ei oppgåve overfor kvarandre. Kvart styremedlem avgjer sjøl kva ho kan bidra med og jobbar ut frå eige engasjement og kapasitet.
Styret er eit arbeidande styre og jobbar frivillig og ulønna for KvinNor sine oppgåver. Fast plan og relativt ofte styremøte bidrar til at vi bygger en felles organisasjon der vi både informerer og inspirerer kvarandre til innsats for dei verdiane som KvinNor står for.
5. KvinNor sine faglege satsingsområde.
KvinNor har tre satsingsområde for sitt faglege arbeid:
5.1. Kvinner, arbeid og løn, utvikling av feministisk økonomi.
5.2. Kvinner, det reproduktive arbeidet og kvinnehelse.
5.3. Vald mot kvinner og barn.
Til punkt 5.1, utvikling av feministisk økonomi.
KvinNor har hatt ei arbeidsgruppe som har jobba med å utvikle og formidle kunnskap om feministisk økonomi. Dei som har delteke der, er professor Berit Ås, samfunnsøkonom Margaret Eide Hillestad, Julie Aslaksen, seniorforskar ved Statistisk sentralbyrå, forskar Margunn Bjørnholt og arkivar Ulla Lise Johansen. Gruppa har gjennomført ei førelesningsrekke om kvinner sin situasjon i det økonomiske systemet og perspektiv for å utvikle ein feministisk økonomi. Det blir stilt spørsmål ved gjeldande økonomisk teori og korleis denne teorien i liten grad viser verdien av kvinner sitt arbeid i samfunnsøkonomien. Det blir jobba med å lage eit kompendium på bakgrunn av dei førelesningane som er utvikla og det er planlagt å vidareføre seminarrekka i 2022. Det er søkt Oslo kommune om støtte.
Til punkt 5.2, om kvinner, det reproduktive arbeidet og kvinnehelse.
Kvinnor har tidlegare hatt eit organisert samarbeid med Norsk Jordmorforening om kvinnehelse og graviditet, der vi mellom anna har arrangert fleire felles konferansar.
Vald mot kvinner har stor innverknad på kvinner si helse. Vald mot kvinner under graviditet, rammar både kvinna og barnet. Forsking viser at for mange kvinner er det under svangerskapet at ho opplever vald for første gong. Det er dokumentert at slik vald mot det ufødde barnet er svært skadeleg.
Til punkt 5.3, om vald mot kvinner og barn.
Sidan 2018 har det vore stort fokus på seksuell trakassering og seksualisert vald mot kvinner gjennom aksjonen #metoo. Over store delar av verda stod kvinner fram og fortalte om korleis dei opplevde seksualisert vald på arbeidsplassen, i media, i sosiale samanhengar og i det offentlege rom. KvinNor vart i 2019 med i eit bokprosjekt i samarbeid med Krisesenteret i Salten. Målsettinga er å lage ei handbok for kvinner og menn som har vore utsett for vald. Planen var at denne boka skulle bli ferdig i løpet av 2021, men på grunn av koronapandemien har arbeidet teke lenger tid enn planlagt. Det er no ei målsetting om å bli ferdig med boka i 2022.
6. Tiårsjubileum for Kvinneuniversitetet i Norden
Denne rapporten vart 29. nov., sendt til Fritt Ord på bakgrunn av tildelt støtte på kr. 50.000,-:
Tiårsmarkering for Kvinneuniversitetet i Norden, 2011 – 2021.
Bakgrunn: Stiftinga Kvinneuniversitetet i Norden vart etablert i januar 2011, med tidlegare Høgskolen i Nesna som vertsinstitusjon. Kvinneuniversitetet i Norden vart dei første to åra finansiert av Kunnskapsdepartementet. I dag blir stiftinga finansiert av prosjektmidlar, eigeninnsats og dugnad. Kvinneuniversitetet i Norden er ei vidareføring av det tidlegare Kvinneuniversitetet på Løten, som vart etablert av Berit Ås i 1983. Formålet for Kvinneuniversitetet i Norden er å vere ein lærestad som bygger på feministiske verdiar, synleggjere kvinner sin innsats og arbeid og gjennom opplysningsarbeid for eit samfunn fritt for kvinneundertrykking og fritt for kjønnsbasert vald, som særleg rammar kvinner og barn.
Målsetting:
Vår målsetting med jubileumsmarkeringa var å synleggjere det arbeidet som Kvinneuniversitetet har gjort dei ti åra vi har eksistert. Vi har tre fokusområde for vårt arbeid. For det første å kjempe mot vald og seksuell trakassering som særleg råkar kvinner og barn. For det andre rette fokus på spørsmål som gjeld arbeid og løn og synleggjere korleis feministisk økonomi kan vere eit korrektiv til den form for teknisk og økonomisk avgrensa rasjonalitet som fører til rovdrift på både menneske og natur. For det tredje legge til rette for reproduktiv helse for kvinner og barn og for levevilkår i vid forstand.
Gjennom dei to konferansane som vi arrangerte på Nesna og på Kvinnemuseet i Kongsvinger, har vi skapt møteplassar, retta fokus på dei tre arbeidsområda til Kvinneuniversitetet og synleggjort sentrale felt i vårt arbeid gjennom desse ti åra vi har eksistert.
Møte på Nesna 8. mars:
På grunn av koronasituasjonen vart møtet på Nesna gjennomført digitalt. Vi var svært usikre på korleis dette kunne fungere, men vi fekk gjort ein dårleg ting til ein god ting. Vi fekk oppleve korleis vi kunne bruke nettet på ein meir aktiv måte og det var spennande å sjå at om lag 2500 personar hadde fylgt konferansen vår. Vi fekk laga ei bokutstilling i samarbeid med biblioteket på campus Nesna. Dette vart omtalt i ein fin reportasje i lokalavisa Helgelands Blad.
Ettersom møtet var på 8. mars, laga vi ein digital paneldebatt der eit fleirtal av dei kvinnelege ordførarane på Helgeland deltok. Dette var ei spennande oppleving for oss alle, både dei som deltok i panelet og vi som arrangerte konferansen. Tema for debatten var kva vi kan gjere for å hindre seksuell trakassering av kvinner og jenter og korleis dette heng saman med lokalsamfunnsutvikling i brei forstand.
Møte på Kvinnemuseet:
Kvinneuniversitetet i Norden har nettverksbygging som sentral arbeidsmetode og vi har lenge hatt ynskje om å gjeste Kvinnemuseet. Gjennom den støtte som vi fekk frå Fritt Ord, vart det mogleg for oss å samle styret for Kvinneuniversitetet til møte på Kvinnemuseet. Det blir no gjort eit arbeid for å arkivere historia til både tidlegare Kvinneuniversitetet på Løten og Kvinneuniversitetet i Norden. Kvinneuniversitetet i Norden har fått laga ein video med Berit Ås. Denne videoen vart gitt til Kvinnemuseet.
Kva er resultat av dei ulike arrangementa?
Verdien av læring og opplevingar i samband med laging av desse arrangementa, er vanskeleg å dokumentere på handfast vis, men det har i stor grad vore med på å gje oss inspirasjon og glede i vårt vidare arbeid.
Møte på Samisk hus i Oslo
Det vart og gjennomført eit svært vellykka arrangement på Samisk Hus i Oslo. Oslo kommune støtta arrangementet, som vi er veldig stolte og glade for at vi fekk til å gjennomføre. Det var 25 personar til stades og ein tredel av desse var kvinner med innvandrarbakgrunn. På bakgrunn av koronasituasjonen, var vi nøgde med frammøtet. Hovudtemaet var vald og seksuelle overgrep mot kvinner og barn. Advokat Gunhild Vehusheia, Oslo, orienterte om eit bokprosjekt som har arbeidstittel «Håndbok for personer som har vært utsatt for vold og identitetskrenkelser», der Kvinneuniversitetet i Norden er med som ressursorganisasjon. Boka er planlagt ferdig i løpet av 2022. På grunn av dette fysiske møtet, fikk vi ein fruktbar samtale med nyttige innspel til oss som jobber med bokprosjektet. Forskar Margunn Bjørnholt, Oslo, orienterte om kvinneperspektivet i forsking på vold og seksuelle overgrep, og Berit Ås, Asker, inspirerte oss alle med sin store kunnskap og sine historiske erfaringar. Møtet i Oslo er viktig med tanke på bygging av et nasjonalt nettverk i arbeidet for å hindre vald og seksuelle overgrep som særleg rammar kvinner.
7. Samarbeid med andre organisasjonar.
7.1: Samarbeid med SNF:
Gjennom fleire år har KvinNor hatt eit nært samarbeid med SNF, Samisk KvinneForum, med mellom anna felles arrangement. Styremedlem i SNF, Gudrun E. E. Lindi, er og styremedlem i KvinNor. Gjennom felles arenaer er informasjon og kunnskap utveksla, og samarbeid styrka, noko som er viktig både i eit nordisk perspektiv og for å ta del i ei kunnskapsutvikling om urfolk sin situasjon globalt.
7.2: Deltaking i Norges Kvinnelobby:
KvinNor er med i Norges Kvinnelobby. Koronasituasjonen har gjort det nødvendig å gjennomføre fleire møte digitalt. Styreleiar Kjersti Kvalvik er KvinNor sin representant i styret for Norges Kvinnelobby.
7.3: Samarbeid med Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland:
I juni 2019, vedtok Nord universitet å legge ned Campus Nesna. Campus Nesna er vidareføring av tidlegare Høgskolen i Nesna, som i 2016 fusjonerte til Nord universitet. Dermed vart ein over hundreårig tradisjon med høgare utdanning på Helgeland lagt ned. Denne tradisjonen har vore særleg viktig for å skaffe kvinner utdanning. Då denne institusjonen starta opp i 1918, var halvparten av studentane kvinner. Seinare har utdanninga på Nesna lagt særleg til rette for at kvinner med barn kan studere, gjennom rimeleg barnehageplass, samlingsbasert utdanning og ein campus som er lagt særleg til rette for studieaktivitet. Kvinneuniversitetet i Norden har vore aktivt med i Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland og vi har vore med som arrangør i konferansar som har hatt som mål å mobilisere mot nedlegginga av Campus Nesna. Styremedlem Arna Meisfjord har vore Kvinneuniversitetet sin representant i Folkeaksjonen.
8. Heimesida til KvinNor.
Siril Finne har ansvar for å legge ut stoff på heimesida vår. Ho driftar og KvinNor si deltaking på Facebook. Det er ei kontinuerleg oppgåve å sørge for at all vår aktivitet blir formidla og synleggjort på heimesida vår.
9. Diktbok av Berit Ås.
Dagrunn Grønbech og Berit Ås har i 2021 jobba med å planlegge utgjeving av ei diktbok med dikt av Berit Ås. Lyrikkforlaget har inngått intensjonsavtale med KvinNor om å gje ut boka. Denne intensjonsavtalen krev at vi kan skaffe kr. 82.000,- for å finansiere trykkinga. Søknad til Fritt Ord om støtte har gitt avslag. Vi ventar no på svar på søknad til Asker kommune, om støtte til prosjektet. Arna Meisfjord har jobba med å skrive søknader og finne finansiering.
10. Økonomi, årsrekneskap og vurdering av framtidig drift.
KvinNor har framleis ingen faste inntektskjelder og er avhengig av eit systematisk økonomiarbeid og stor dugnadsaktivitet. Gjennom søknader til organisasjonar og einskildpersonar, har vi likevel klart å skaffe tilstrekkeleg med midlar til å dekke utgifter til rekneskap og revisjon, som er dei store utgiftspostane våre, med om lag kr. 40.000,- kvart år.
I 2020 gjorde Kvinneuniversitetet i Norden ein sponsoravtale med Eidissen Consult AS. Avtalen har til formål å bidra til gjensidig kunnskap om kvarandre sine aktivitetar og oppgåver. Gjennom denne avtalen fekk Kvinneuniversitetet i Norden kr. 20.000,- til drift av vår organisasjon i 2021. Slik støtte som vi kan bruke til drift av organisasjonen, er avgjerande for oss og vi er svært takksame for den støtte vi har fått frå Eidissen Consult AS. Vi vil difor jobbe for at denne sponsoravtalen blir vidareført i 2022. Styret jobbar systematisk for å lage søknader og skaffe inntekter til Kvinnor sine aktivitetar og drift. Her samarbeider vi og med Norsk Kvinnelobby for å skaffe midlar på Statsbudsjettet til kvinnepolitiske organisasjonar.
Den største inntektskjelda vår er likevel, som mykje anna kvinnearbeid, vår eigen arbeidsinnsats og dugnad. Det er dette store frivillige arbeidet som driv organisasjonen. Ved å gjennomføre styremøte på telefon, reduserer vi utgiftene til administrasjon til det minimale og vi har ingen lønna tilsette.
Styret meiner difor at grunnlaget for vidare drift er til stades og denne føresetnaden er lagt til grunn for rekneskapen.
11. Representasjon, deltaking på arrangement, skriving av artiklar og liknande, frå styremedlemmer og vara medlemmer:
Styreleiar Kjersti Kvalvik:
- Innlegg på videokonferanse 8. mars, 2021, på campus Nesna.
- Innlegg på jubileumsmarkeringa i Oslo/Samisk Hus.
- Innlegg på jubileumsmarkeringa på Kvinnemuseet/Kongsvinger.
Styremedlem Dagrunn Grønbech. Kvinneuniversitetet i Norden.
1. Kronikk 8. mars 2021. Helgelands Blad. Kvinnor.no 10.03.21. Unge kvinner viser vei.
2. Leserinnlegg Bodøposten.no 20.03.21. Trenger vi et mobbeombud?
3. Kronikk: En takk til våre helsearbeidere. Nordnorsk Debatt, Avisa Nordlys 9.04.21. Avisa Nordland 14.04.21. Debatt Nordland 14.0421.Verdsetter vi våre helsearbeidere høyt nok? Bodøposten 13.04.21. Helgelands Blad 14.04.21. Kvinnor.no og kvinnor.facebook.no 7. juli 2021.
4. Art. 93-åring besøker Helgeland. Helgelands Blad 22.07.21. Berit Ås facebook 5.08.21. Kvinnor.no 10.08.21.
5. Art. Hva skal til for å snu skuta. Fiskeribladet.no 9.11.21.
Alle visste at uten en kvinne i heimen, var fiskerlivet umulig. IFinnmarken.no 11.11.21. Fiskerinæringa og vannprøven. Bodøposten 17.11.21, Helgelands Blad 29.11.21 (e-avis og papir), Kvinnor.no 29.11.21.
6. Brev. D. Grønbech/Siri Gerrard og Arna Meisfjord: Brev til fiskeriministeren og kulturministeren. Kjønnstrakassering i fiskerinæring og tiltak. Sendt regjeringa.no 15.11.21.
7. Kronikk D. Grønbech, S. Gerrard, A. Meisfjord: Kjønnstrakassering må forebygges og håndteres som et ledelsesansvar. Nordnorsk debatt Nordlys 01.12.21. Avisa Nordlys 02.12.21. Alle visste at uten en kvinne i heimen, var fiskerlivet nærmest umulig. Fiskeribladet.no 5.12.21 og Fiskeribladet papirutgave 7.12.21. Brev til fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran og kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen. Finnmarksdebatten 7.12.21. Det er ikke kvinner som fiskere eller andre kvinner i næringen sitt ansvar å løse denne nedverdigende situasjonen. Avisa IFinnmark (e-avis og papir) 7.12.21. Tiltak mot kjønnstrakassering i fiskerbåter. Ranaposten.no 8.12.21. Kjønnstrakassering i fiskerinæringa og tiltak for trivsel og rekruttering og i Lofotposten.no debatt 08.12.21 og Kvinnor.no 16.12.21. Trakassering i fiskerinæringa. Helgelands Blad 10.12.21. Alle visste at uten en kvinne i heimen, var fiskerlivet nærmest umulig. Kilden. Kjønnsforskning.no 10.12.21.
8. Art. Sommerfjøset et kulturminne som er verdt å verne. Den historiske Helgelendingen. Helgeland Historielags Medlemsblad.
Årgang 40. Nr. 2-2021. www.helgeland-historielag.no
Vår 2021: Digitalt foredrag ved Nesna, 8. mars. Foregangskvinner. En hyllest til Berit Ås som kvinneuniversitetets mor.
¨ Foredrag Fiskerbonden som forsvant 22. og 23. juni v/Skolo, Herøy. Arktisk Mat i regi av Nordland fylkeskommune.
Høst Foredrag: Coastal Culture, 11. -12. september i Mosjøen, i regi av Nordland fylkeskommune.
.. Boklansering: Håndbok for voldsutsatte, Samisk Hus i
Oslo, 14.10.21.
Seminar med 10-års markering av Kvinneuniversitetet i Norden, ved Kvinnemuseet i Kongsvinger. 15.10.21.
Styremedlem Siril Finne:
- Konferanseleiing på tiårsmarkeringa på campus Nesna, 8. mars, 2021.
- Teknisk ansvar på tiårsmarkeringane på Nesna, Oslo og Kongsvinger.
Styremedlem Arna Meisfjord:
- Leiing av videokonferanse under tiårsmarkeringa på Nesna, 8. mars, 2021.
- Leiing av tiårsmarkeringane i Oslo og på Kongsvinger.
Styremedlem Berit Ås:
- Videoopptak til framføring i samband med 8. mars/jubileumsmarkeringa på campus Nesna. Link lagt ut på www.kvinnor.no
- Foredrag på tiårsmarkeringa i Oslo/Samisk Hus og på Kvinnemuseet i Kongsvinger.
Styremedlem Susan Rakhsh:
- Deltaking med foredrag på tiårsmarkeringa på Kvinnemuseet i Kongsvinger.
Varamedlem Ulla Lise Johansen:
- Deltaking på tiårsmarkeringa Oslo/Samisk Hus.
Varamedlem Kari Sommerseth Jacobsen:
- Produksjon av videoopptak med Berit Ås. Link lagt ut på www.kvinnor.no Videoopptaket er gitt i gåve til Kvinnemuseet i Kongsvinger.