Bakgrunn og grunngjeving for studiet Vald mot kvinner

Bakgrunn og grunngjeving for studiet Vald mot kvinner

Vald mot kvinner er eit stort samfunnsproblem. Mellom 8000 – 16000 kvinner i Noreg blir kvart år utsett for valdtekt, i det offentlege rom eller i nære relasjonar. Tusenvis av kvinner, ofte saman med barna sine, søker seg til krisesenter over heile landet. Forsking tyder på at den vald som på denne måten blir syneleg, berre er toppen av eit isfjell. Det er ein menneskerett å leve eit liv utan fysisk og psykisk vald og utan trussel om vald. Det er ei overordna politisk målsetting å hindre vald mot kvinner, ei vald som svært ofte og er vald mot barn. I NOU 2003:31,” Retten til et liv uten vold. Menns vold mot kvinner i nære relasjoner”, blir behovet for kunnskap sterkt understreka. Det blir her peika på behov for kunnskap på tre nivå (s. 181):

”Utvalget mener at det i Norge må utvikles kompetanse om menns vold mot kvinner i nære relasjoner på tre nivåer:

1. Økt kunnskap om denne problematikken i allmennheten.
2. Basiskompetanse hos instanser og personell som kan tenkes å komme i berøring med slik vold.
3. Spesialisert kompetanse for de som arbeider mer spesifikt med dette feltet.”
Det planlagte studiet Vald mot kvinner, vil derfor inngå i eit primærførebyggande arbeid som tek sikte på å gje kunnskap innafor dei to første punkta som her er nemt. Ein slik kunnskap er og i tråd med dei mange understrekingane av behovet for kunnskap på dette feltet som kjem fram i regjeringa sin ”Handlingsplan mot vold”, vedteke i 2012.

Namn på studiet og omfang av studiet:

Namnet på studiet er ”Vald mot kvinner”, og det er planlagt med eit omfang på eit år.

Opptakskrav:

Opptakskrav vil vere gjenerell studiekompetanse.

Formål, innhald og målgruppe:

Formål med studiet vil vere å gje målgruppa kunnskap om vald mot kvinner. Denne kunnskapen vil vere ein form for basiskompetanse for personar og instansar som kan tenkjast å kome i kontakt med kvinner som har vore utsett for vald. Studiet vil inngå i eit primærførebyggande arbeid i målsettinga om å hindre vald mot kvinner.

Innhaldet i studiet vil fokusere på fire felt som det er viktig at målgruppa har kunnskap om i sitt møte med problemfeltet vald mot kvinner. Kvart av desse områda vil ha eit omfang på 15 studiepoeng.
1. Det juridiske grunnlaget for retten til eit liv utan vald. Dette emneområdet vil gje studentane kunnskap om og kjennskap til, FN sine menneskerettar, Den Europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), FN sin konvensjon om å fjerne all diskriminering av kvinner (CEDAW), FN sin resolusjon om kvinner i krig og konflikt, 1325, den norske straffelova, m.m. Kva er dei formelle rettane og korleis kan desse rettane legge grunnlaget for eit liv utan vald?
2. Dokumentasjon og fakta. Her skal studentane få empirisk kunnskap om og kjennskap til omfang av vald mot kvinner, konsekvensar av vald for offeret, samfunnsmessige konsekvensar osv. Studiet skal gje kunnskap om seksuelle overgrep og incest, valdtekt, prostitusjon og porno, vald mot kvinner og barn i nære relasjonar, handel med kvinner og barn, drap av kvinner i nære relasjonar og vald mot kvinner i krig og konflikt.
3. Teoriar og forklaringsmodellar som kan kaste lys over temaet vald mot kvinner. Studiet vil gje kunnskap om vald mot kvinner i historisk perspektiv og om vald mot kvinner i ulike kulturar. Ulike patriarkat- og maktteoriar, individ- og grupperelaterte teoriar, vil bli belyst og drøfta.
4. Førebygging og hjelpetiltak. Her vil studentane få kunnskap om teoretisk og praktisk førebygging og hjelpearbeid, gjennom kjennskap til krisesenter, sosialteneste, helsevesen, politi, rettsvesen, frivillige organisasjonar og solidaritetsarbeid, politiske tiltak, internasjonalt arbeid, og liknande.
Målgruppe:

Målgruppe er personar og instansar som kan tenkjast å kome i kontakt med kvinner som har vore utsett for vald. Det gjeld tilsette i krisesentra, tilsette i skole og barnehage, tilsette i helsevesnet, i sosialtenesta, i politiet, i kyrkja, i rettsvesnet, politikarar og andre samfunnsinteresserte menneske. I det primærførebyggande arbeidet er det viktig at dei ulike profesjonane kjenner til kvarandre sitt arbeid i relasjon til vald mot kvinner. Det vil derfor bli gjennomført kvotering i opptaket for å sikre deltaking frå dei ulike målgruppene.

Organisering og arbeidsformer:

Studiet vil bli organisert som eit deltidsstudium over to år, slik at det skal vere mogleg å gjennomføre studiet ved sida av jobb. Studiet vil vere sett saman av konsentrerte samlingar, individuelt arbeid og oppfølging gjennom nett. Arbeidsformene vil veksle mellom førelesningar, litteraturstudium, gruppearbeid, rettleiing og oppfølging på nett, skrifleg arbeid, individuell refleksjon og framlegging. I gjennomføring av skrifleg arbeid, individuell refleksjon og framlegging, vil det bli lagt vekt på at studentane kan relatere kunnskapen til sitt eige praksisfelt og finne arbeidsmåtar som eksemplarisk kan brukast til primærførebyggande arbeid.

Læringsutbytte:

Kunnskapar:
¤ Studenten skal etter studiet kunne identifisere dei mest sentrale lovar og internasjonale konvensjonar som er styrande for å legge til rette for eit liv utan vald.

¤ Studenten skal kunne vise til dei ulike formene for vald mot kvinner som empiriske undersøkingar kan dokumentere.

¤ Studenten skal kunne analysere ulike forklaringsmodellar og teoriar som omhandlar vald mot kvinner.

¤ Studenten skal kunne gjere greie for ulike hjelpeinstansar og førebyggande tiltak som har som mål å hindre vald mot kvinner.

Ferdigheiter:
¤ Studenten skal kunne vurdere forholdet mellom formelle rettar og korleis desse let seg realisere i praksis.

¤ Studenten skal kunne evne å identifisere ulike signal som kan vere eit teikn på at kvinner har vore utsett for vald.

¤ Studenten skal kunne gjere bruk av teoretiske forklaringsmodellar for å kaste lys over problemfeltet vald mot kvinner.

¤ Studenten skal kunne utvikle tiltak som kan brukast i praksisfeltet for å førebygge vald mot kvinner.

Generell kompetanse:

¤ Studenten skal kunne delta i ein samfunnsmessig debatt om vald mot kvinner, som bygger på fagleg kunnskap og empiri.

¤ Studenten skal kunne gjennomføre tiltak i tilknytning til sitt arbeidsfelt som kan bidra til generell opplysning omkring menn si vald mot kvinner.

Tidsplan:

Målsettinga er at studiet skal kunne starte hausten 2013.

Kompetanse for gjennomføring av studiet:

Følgande personar har vore med i den faglege planlegginga av studiet og dei vil kunne undervise på dei ulike faglege emna som inngår i fagplanen:

Berit Ås (født 1928), er professor i sosialpsykologi. Ho har skrive ei rekke bøker som omhandlar kvinner sin situasjon i samfunnet. Mest kjent er boka ”Kvinner i alle land..”, som først kom ut i 1981 og som kom i ny utgåve i 2008. Delar av denne boka vil bli pensum i studiet. Sentralt i hennar faglegge arbeid, står teoriar om kvinnekultur, om kjønn, språk og makt og utvikling av teorien om dei fem hersketeknikkane. Omtalen av dei fem hersketeknikkane er omsett til ei rekke språk. Berit Ås er framleis ein sterkt etterspurt føredragshaldar, i inn- og utland og ho gjennomfører kursdagar, seminar og debattinnlegg innafor eit breidt fagområde. For sitt arbeid for kvinner sine samfunnsmessige rettar, har ho motteke fleire prisar og utmerkingar, mellom anna er ho tildelt St. Olavsorden, Ridder av 1. klasse. Ho vil kunne undervise på tema som kjem inn under punkt to, tre og fire i omtalen av innhald i studiet.

Dagrunn Grønbech (født 1950), har lærarutdanning frå 1972, embetseksamen i samfunnsvitenskap ved Universitetet i Tromsø frå 1983, og avla graden dr. philos. i 2008, ved Universitetet i Tromsø. Ho har jobba som førsteamanuensis ved Universitetet i Tromsø i mange år, med tema innafor kvinneforsking og kjønsrollestudiar. Dr. philos. graden omhandlar kystkulturen med særleg vekt på kvinna sin rolle. På bakgrunn av doktorgraden, har Dagrunn Grønbech gjeve ut den populærvitskapelege boka ”Kystkvinnen. Fiskerbonde og omsorgsbærer”. I denne samanhengen har ho jobba med patriarkatteoriar, makt- og avmakt i sosiale relasjonar, pedagogisk/psykologisk tilnærming i forståing av familieteori, syn på omsorgsarbeid, utvikling av identitet og etablering av sjølbilde. Vidare har ho jobba med samspell og kommunikasjon i nære relasjonar. På denne bakgrunn vil ho kunne undervise på dei tema som kjem inn under punkt to, tre og fire i omtalen av innhald i studiet.

Gunhild Vehusheia (født 1972), er cand. jur. frå Universitetet i Oslo og jobbar no som advokatfullmektig og bistandsadvokat ved advokatkontoret Salomon- Johansen AS. Her er hennar viktigaste saksområde vald, valdtekt og barnevern. Ho har vore leiar for Juridisk rådgjeving for kvinner (JURK) i Oslo. JURK jobbar med saker der kvinner opplever at dei juridiske rettane som dei formelt har, av ulike grunnar kan vere vanskeleg å realisere i praksis. Valdsproblematikken er ofte ein medverkande faktor. Gunhild Vehusheia vil kunne undervise i dei tema som inngår i punkt ein i omtalen av innhald i studiet.

Arna Meisfjord (født 1947), er cand.polit frå Universitetet i Trondheim (NTNU). Hovudoppgåva omhandla arbeid for likestilling i skolen. Ho har gjennomført fleire utviklingsarbeid i grunnskolen og i lærarutdanninga som omhandlar denne problematikken. Ho har jobba som lærarutdannar og som rektor ved Høgskolen i Nesna. Gjennom dette arbeidet har ho erfaring frå utvikling og gjennomføring av ulike studium. Ho har gjennomført ei rekke kurs, seminar og konferansar med tema som omhandlar kvinner sin situasjon i samfunnet, mellom anna om tematikken vald og seksuelle overgrep. På denne bakgrunn vil ho kunne undervise i dei tema som kjem inn under punkt to, tre og fire i omtalen av innhaldet i studiet.

I tillegg til dei personane som her er nemd, har KvinNor eit stort fagleg nettverk som vi vil kunne gjere oss nytte av. I førebuingsarbeidet har vi gjennomført fleire arbeidseminar og på eit av desse hadde vi førelesningar av Lucas Gottzèn frå Linkøpings universitet. Han har forska på menn si vald mot kvinner og han har sagt seg villig til å førelese på dette studiet. Vi er og i kontakt med Alternativ til vald i Oslo. Marius Råkil, som er leiar her, har mellom anna redigert boka ”Menns vold mot kvinner”. Denne boka er aktuell som pensum på studiet og Råkil vil og kunne nyttast som førelesar om emnet. Vi har og hatt eit nært samarbeid med Krisesentersekretariatet i arbeidet med å utvikle dette studiet. Dei har stor kunnskap på feltet, og vi har kontakt med fleire som kan vere aktuelle som gjesteførelesarar.

Rekruttering til studiet:

KvinNor vurderer det slik at det no er stor etterspurnad etter kunnskap kring emnet vald mot kvinner. Vi vil kunne bruke vårt nettverk til å rekruttere til studiet.